mandag 1. februar 2010

Nordmenn flest


Det første som slår meg når nokon spør meg om kva det vil seie å vere norsk, er at dette har eg svart på så mange gonger før! På ungdomsskulen hadde me eit stort tema som handla om kva som er typisk norsk. Klassen fann fort ut at oppfatninga vår av det å vere norsk var nokså lik. Kvar vinter går alle nordmenn på langrenn, og et kvikklunsj og appelsin på høgfjellet. Om våren går me i 17. mai tog, vifter med flagg og et så mykje is me orker. Sumaren blir brukt til turgåing i fjellet og seine kveldar på svaberg, mens om hausten kjem matpakka med brunost opp av skulesekken. Dette er berre litt av kva me tenkjer som typisk norsk. Men vent litt! Eg kjenner meg ikkje igjen i alt dette! Kva med venene mine som hater og gå på langrenn og har vasskrekk? Eg ville aldri fått med meg dei på tur i fjellet i påsken, og langt mindre ut i skjergarden! då eg gjekk på ungdomsskulen kom me til same konklusjon. Det viste seg at få av mine klassekameratar kunne stå inne for at dei var norske viss dette var kriteria. Finnes det ein enkel måte å forklare kven som er norske, og kvifor dei i så fall er det?


Noreg kan kallast ein nasjon. Det er ulike oppfatningar av kva det vil seie å vere ein nasjon òg, på lik linje med kva det vil seie å vere norsk, men den diskusjonen tar me ikkje her. Kort sagt kan me seie at det er ein subjektiv og ein objektiv oppfatning. Den subjektive, og den som eg føler meg mest heime i, kan definerast slikt: man må kjenne seg norsk for å vere norsk. Det er jo ganske enkelt, er det ikkje? Eg kjenner meg norsk, så då er eg vel det. Men her vil mange protestere og seie at det er for enkelt. Tenk på alle dei amerikanarane som sit i USA og kjenner seg så norske som berre det, av di dei har ei tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-tipp-oldemor som vart fødd i Noreg, og emigrerte til Amerika då ho var sytten. Sjølv eg ville vel ikkje kalla dei norske…. Men utlendingane som kjem til landet vårt som flyktningar, dei synast eg at skal få kallast norske når dei kjenner seg det, mens andre kan seie: ”nei, dei må ha norsk statsborgarskap og vite meir om norsk kultur enn eg veit sjølv, før dei er ordentlege norske nordmenn”


Det bringer oss vidare til den andre oppfatninga av kva ein nasjon er, og kva det vil seie å bo i nasjonen Noreg. Den objektive oppfatninga er basert på at alle ekte nordmenn har norsk statsborgarskap, bor i Noreg, har same økonomiske system som nordmenn flest, bruker dei same media, snakkar norsk og kjenner godt til Noregs historie og kulturarv. Spør du meg ville talet på nordmenn falle dramatisk viss det var eit mål om at alle skulle innfri desse krava for å vere godkjent norsk. Eg trur ikkje dei som byggjar si oppfatning av nordmenn på dette har tenkt igjennom at det faktisk er mange av dei personane Noreg byggjer si stoltheit på, som ikkje innfrir krava i det heile. Ta for eksempel alle dei som bor omtrent heile året i utlandet, eller dei store forretningsmennene som legg businessen sin inn i eit skatteparadis…


Eg kjenner ein mann med engelsk statsborgarskap, men som er gift med ei norsk dame, har ei lita norsk jente, bor i Noreg og et brunost på skiva så ofte han kan. Kor høyrer han heime? '


(oppgave i skriveøkt, 26. november 2009)

torsdag 30. april 2009

Lyrikk

En norsktime kom Christine og la ut forsjellige ting på kateteret.Vi skulle velge fire, og etterpå skrive hva vi tenkte på når vi så på dem. Når vi hadde skrevet noen ord om hver ting, og nummerert dem fra 1-4, sa Christine at ting nr.1 skulle være en sang, nr.2 et dikt med rim, nr.3 et moderne dikt med metaforer, og nr.4 et romantisk med klisjeer og sånt. Nedenfor ser du resultatet...

Sang om et batteri

(Mel: Kasper og Jesper og Jonathan)

En dag vi var på Teigar, læreren kom og sa vi skulle
Ta krokodilleklyper med og prøve ikke tulle
Han tok med batterier ned
-på labben, ja det bar av sted
Og plutselig stod vi der alle mann;
Med en glødende lampe og fingre i brann / batterier på pulten og lampe i hand

Dikt med rim om et seglehus

Det lå et digert sneglehus
I bakken opp til skauen
Man kunne høre øresus
Hvis man rørte det ved haugen

En dag kom det en jente forbi
Hun hadde lange fletter
Med ett hun snudde seg fordi
Hun plutselig så etter

Det lå et digert sneglehus
I bakken opp til skauen
Hun kunne høre øresus
Hun rørte det ved haugen

Moderne dikt om troll

Greinene skjelver
De mosegrønne bladene veiver opp og ned i vinden
Øye
Plutselig kommer noen barn løpende ut på gulvet

Hvit kjole
Greiner som skjelver og mosegrønne blader med vorter
Risen regner

Romantisk dikt om paraply

Paraplyen i isen han gav henne glinser hjerterødt
Hun ser på ham med kjærlighet i blikket
- nå er tiden for et kyss!

Regndråpene sildrer ned over den svarte panneluggen hennes
Han tar tak bak nakken hennes og klemmer henne inntil seg
Paraplyen dekker over