torsdag 12. februar 2009

Bokmelding ”Villdyret”


av Tony Anthony
og Angela Little

”Villdyret” er ei bok av Tony Anthony, med medforfattar Angela Little. Boka kom ut i 2004 frå Authentic Media i England, og i Noreg kom ho ut i 2006. Forlaget i Noreg er Prokla-Media, og boka har 276 sider. Hovudforfattaren blei fødd England, men har kinesisk mor og italiensk far. Heile boka er ein sjølvbiografi av ham, så du får naturleg nok vite meir om han etter kvart.

Då Tony berre var fire år blei han henta frå heimen sin av ein framand mann. Den framande seier ikkje eit ord, berre held den vesle guten hardt kring handleddet og slipp ikkje taket før dei er framme –ved besteforeldras hus i Kina. Her blir Tony oppdradd i kampsporten kung fu, som er ein lang tradisjon i denne familien, og etter kvart blir han verdas beste. Der er utruleg kor intenst og spanande forfattarane skildrar kampane og treninga i kung fu. Her greidde i alle fall ikkje eg å leggje i frå meg boka! Det meste ser lyst ut for Tony. Ha skaffar seg jobb som livvakt for nokon av verdas mest profilerte personar, oppnår høy status og tener masse pengar. Diverre varer det ikkje lenge, ein dag får han melding om at kjærasten hans er død, og livet hans faller i grus. Men akkurat då alt ser som svartast ut, hendar det noko som forandrar livet hans radikalt. Han møter Jesus.

Som høgt profilert personvernar reiser Tony rundt i heile verda. Han hamner i fengsel to gonger, og det brutale miljøet der blir skildra godt. Fengselet i Kypros var til dømes rått og ekkelt. Slik eg førestelte meg det var det eit fangehull med gitter, tisslukt og jordgolv. Det var heller ikkje uvanleg at fangar blei torturert eller drepen.

Det er nok Tony si omvending til å bli ein kristen eg vil huske best etter å ha lese boka, sidan livet hans blir så radikalt forandra. Derfor vil eg seie at temaet er korleis Gud verkar i menneske og kva menneske må gjera for å kjenna Gud. Her har du kjernen og konflikten, og mykje av spenninga i tillegg til dramaet i kung fu-kampane og personvernjobben.

Sidan dette er ein sjølvbiografi, er Tony den einaste hovudpersonen. Men me møter fleire personar som spiller ein viktig rolle i oppbygginga av boka. Bestefaren er til dømes ein veldig sentral person fordi det er han som lærar Tony kung fu. Det er også Sara, kjærasten hans, og Michael Wright, han som får ham til å bli ein kristen.

Eg vil gladeleg anbefale andre å lese ”Villdyret” av Tony Anthony og Angela Little. Den passar for dei fleste type menneske, men barn under 10 år vil kanskje ikkje forstå alt. Det er ein bok berekna på kristne menneske trur eg, for det er mykje kristen lærdom i boka. Men det kan vere like spennande for andre å lese den. Språket er lett å forstå, og han skriv på ein folkeleg og god måte. Innimellom, særleg i byrjinga, bruker Tony nokre kinesiske ord for å skildre forskjellige moment i kung fu, og når han er i Kypros bruker han òg nokre få greske ord, men elles er det heilt normal norsk det går i. Grunnen til at eg likte ”Villdyret” så godt var vel at det er eit godt språk og fleire intense minutt som er skildra på ein så god måte at du nesten ikkje kan leggja boken ifrå deg. Det er noko spennande som hender heile tida. Dessutan har eg lært mykje om Gud og korleis vere ein kristen.